Klokka 20.30
Klokka er 18.45, temperaturen er + 8 grader C, og det kjem ei og anna regnbyge. Sola har vi så vidt sett.
Eg hadde ingen planar for dagen, så eg vart sittande ei god stund framfor datamaskina. Fekk ei melding frå Bodil, ho lurte på om dei kunne komme oppover så Svein fekk legge sommardekk på bilen min. Det hadde eg sjølvsagt ikkje noko i mot. Dei skulle komme i 14-tida. Eg kunne sjølvsagt ha hive meg rundt og laga middag, men kom ikkje på kva eg kunne lage, så det vart kaffi med vaflar og litt kake. Vi har så mykje å snakke om at maten kjem i andre rekke. Eg fekk eit fint , lite maleri av Svein, så no må eg finne ein god plass å henge det opp. Vi prata og prata, men Svein fekk no gjere jobben sin, mens Bodil og eg prata vidare. Svein har også eit "apparat" som han måler lufta i ringane med, så vi slepp å fare ned på bensinstasjonen. Så no er det berre å håpe at det ikkje kjem fleire "rider" med snø. Eg får ein liten jobb med å pirke steinane ut or heilårsdekka før eg pakkar dei vekk.
Eg har ikkje vore ute og trimma i dag, så anten må eg ut i kveld, eller eg må trimme dobbelt i morgon. I morgon blir det ein liten tur til Vik - eg har lova å køyre Marit, og så kan eg no gjere nokre ærend for meg sjølv med det samme.
Då Bodil og Svein var reist, så låg det att eit brillepar-trur det er Bodil sine. Eg får høyre om eg skal sende dei i posten. No rekk eg akkurat Nyheitene.
Maleriet eg fekk av Svein er så nydeleg i fargane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar