lørdag, mai 30, 2020

Dagbok 2020: 30.mai


Akkurat no.


Klokka er no 20.50, temperaturmålaren på trappa viser + 26 grader, men det trur eg er å overdrive sjølv om det har vore veldig varmt i dag.
Det første eg gjorde i dag etter morgonstellet, var å køyre ned på butikken og bunkre opp med Cola og brus+ litt brød etc.
På føremiddagen var eg ute og jobba litt i hagen, klipte med kantklipparen, vatna og rydda litt. Men eg vart fort lei i varmen -arbeidslysta minka. Eg gjekk inn og tok av meg mesteparten av kleda og la meg på solsenga med lydbok. Der låg eg til eg vart svolten og gjekk inn for å finne meg litt mat. Ikkje lenge etter ringde Amanda og fortalde at dei var i nærleiken og ville kome opp til meg ein tur. Det var Margrete, Erlend, Charlie og Amanda som kom. Det var ca. 1mnd. sidan sist dei var her, så det var veldig kjekt å få besøk. Dei hadde blant anna med seg ein diger vannmelon.
Vi sat inne mens dei var her, men då dei var reiste gjekk eg opp til Marit og sat på uteplassen hennar. Der var det fryktelig varmt. Det er nesten ikkje til å tru at det kan bli så varmt, så brått. Men heilt nydelig. Klokka var nesten 20 då eg kom ned att, så i dag har eg ikkje verken høyrt eller sett nyheitene, men Marit er flinkare å følgje med i det som skjer.   På andre sida av bygda skin sola enno, men her hos oss er den borte for i dag. Det er fantastisk å få oppleve slike dagar etter alt griseveret vi har hatt før.
No er det altså pinsaftan og eg vil nytte høvet til å ønske alle lesarane mine ei god og nydelig pinsehelg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...