lørdag, mai 02, 2020
Dagbok 2020 : 2.mai
Klokka er no 18.24, temperaturen ute er + 8 grader, og det regnar av og til. Eg er begynt å bli lei av Coronatida, og ville heller ha det slik som vanleg. Surprise! Surprise! Eg er vel ikkje den einaste. Men på FB ser eg mange som nyttar tida godt til hagearbeid og anna-det skulle eg også ha gjort, men kjem ikkje skikkeleg i gang.
I dag blir det ikkje gjort meir i alle fall, for no har eg dusja og vaska håret til helga. Har ikkje gjort mykje i dag, men fekk i alle fall rydda garasjebedet og fylt på med kugjødselkompost, eg brukte ikkje heile sekken , så resten hadde eg ned på dei nye jordbærplantane mine.
Eg skal innrømme at eg har vore lat i dag, har ikkje ein gong gått tur. Eg vart sittande inne og vente på at det skulle bli opplett og det vart det no, ei stund. På andre sida av gata har dei jobba veldig i dag, med å plante to tre og fylle på med kvite steinar. Det er noko riv ruskande gale med PC-en-i staden for bilda mine kjem det opp i hundrevis av "figurbilde"- somme tider, andre tider kjem bilda mine opp.
I dag er det 47 år sidan første "spadetaket" vart tatt her på tomta. Ungane og eg sykla frå Engeset og hit for å sjå gravemaskina ta den første jafsen. Eg hugsar vêret også, det sludda. Det var i 1973.
2.mai 2006 kom Vebjørn til verda på Kongsberg sjukehus. Ikkje lenge etter reiste Nils og eg nedover til Kongsberg. Vi køyrde over Flya den gongen og såg mange som segla av garde på snøen i nydeleg vêr og sol.
I dag hadde eg middagsmat att frå i går, så då var det berre å køyre maten i mikrobølgeomnen. Elles har eg lese litt i dag også og no er det snart klart for TV-resten av kvelden.
Håper på utevêr i morgon, eg skal ikkje klippe plen, men kanskje gå ein tur-eller ev. ta ein tur på Plantasjen.
Svein har forresten kjøpt seg robotklippar, det går sikkert bra på den flate og samanhengane plenen deira,trur ikkje det ville gått så bra her.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.desember
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar