torsdag, mai 28, 2020

Dagbok 2020: 28.mai.


Akkurat no.

Klokka er no18.18 og temperaturen er + 16 grader. Det er lettskya og fint. Vi var budde på fint ver i dag, men det vart nokre dropar på føremiddagen. Det var greitt nok, for då tok vi turen til Vik og handla litt. Eg åt litt før eg gjekk ut og begynte på hagearbeidet. Først rensa eg litt rundt nokre busker på plenen, så klipte eg ferdig Skråninga, før eg flytta oppom huset. Der snauklipte eg dei to plenbitane opp mot gata. Der var mykje gras. Før eg kunne avslutte måtte eg spyle klipparen, det hadde eg ikkje gjort dei første gongane eg brukte den. Ergo var gras og mold størkna og tørka, så det var ein heil jobb å få den rein igjen; eg måtte til med skurekost og det som verre var. Eg lurte på om det kunne vere ein ide å smørje heile greia med matolje - det er glatt plast. 
Eg må ha ein liten premie til meg sjølv når eg har vore flink å jobbe. I dag fekk eg jordbær med fløte på. (Der er meir att!) 
I dag er det 28. mai-to månader sidan eg fylte 80. Eg synest det er rart at vi snart er i juni månad, tida stoppa liksom opp ein gong i februar. Komande veke har eg diverse avtalar. Tysdag skal eg til legen og fornye sertifikatet, onsdag skal vi på trening og torsdag er det frisør. Koronafrisyren er ikkje så populær lenger. Og så er det pinsehelg. Livet går sin gang. No er eg bra i rute-klar for Nyheitene. Eg går ikkje på Vernet dei dagane eg klipper plen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...