mandag, mai 25, 2020

Dagbok 2020: 25.mai

Klokka er no19.55 og temperaturen ute er + 17 grader. I dag har det vore nydelig vêr og vi har fått ein smak av sommar.
Sist natt verkte eg så mykje i hendene og fingrane at eg måtte ta ein smertestillande tablett, noko eg gjer svært sjeldan. Eg hadde planane klar for dagen og det som skulle gjerast, men trudde ikkje eg kom til å greie det. Men det merkelege skjedde, hendene mine var ikkje så vonde lenger. Dermed fekk eg støvsuga alle teppegolva. Etterpå gjekk eg ut og jobba i hagen. Blant anna rydda eg bedet nedanfor tilbygget og fylte på med kugjødselkompost. No når løkplantane blir borte er der eit New Dawn rosetre som vi har hatt veldig lenge . I tillegg er der fire klematis-plantar. Dei klipper eg heilt ned kvar haust, dei blir store nok likevel. I fjor haust var det ikkje ute verande, men i januar tok eg ein tørn og rydda i hagen. Jordbærplantane fekk siste resten av kugjødselkomposten.
Til middag i dag kokte eg graut, og etterpå la eg meg på solsenga ei stund, men hadde ikkje trott til å ligge der så lenge. 
Eg hadde bestemt meg for å klippe Skråninga igjen i dag, for i morgon er det meldt regn. Eg måtte vente til eg fekk tak i ein mann som kunne hjelpe meg litt med klipparen. Det var fryktelig mykje gras i dag, for sist eg klipte samla eg ikkje opp. 
Eg visste godt at det var siste bensindropane mine som var i klipparen, men eg håpa at det skulle halde. Sjølvsagt kunne eg køyrt ned og kjøpt oppå kanna mi, men eg tok sjansen på å la vere. Dermed står det att ei uklipt bot nedi bakken. Eg er ikkje alltid like lur. Det er heller ikkje så lurt å gå berrføtt i croxane når ein klipper plen, det resulterer som regel i skitne føter som ikkje er så lette å få reine igjen.
I morgon skal vi på trening, Marit og eg, men vi har tenkt å forhandle oss fram til ein annan dag i veka. Etter treninga skal vi handle, og bensinstasjonen er ganske nær butikken.No må eg ut og rydde på plass diverse reiskapar etc.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...