fredag, mai 01, 2020

Dagbok 2020: 1.mai

Klokka er no 18.18, temperaturen ute er+ 8 grader og det regnar så smått. 
Eg har vore trøtt og uopplagt i heile dag, men det har ei enkel forklaring, eg sov dårleg sist natt, vakna for kvar time, nesten, fordi eg verkte i hendene mine. Verre var det ikkje. Eg kom meg no opp og fekk ut flagget før klokka ni. Tankane mine gjekk tilbake til den tida då Nils var så gira på å få opp flagget tidleg at han like godt hengde det ut seint på kvelden før.
Eg hadde ingen spesifikke planar for dagen og det var like godt, for eg vart sittande framfor datamaskina aldri så lenge. Innimellom las eg i ei papirbok.
Bestemte meg for å komme meg ut ein tur, og då vart det Vernet i dag også sidan vêret berre var sånn passeleg. Det begynte å regne før eg kom heim. Tok ein litt forlenga veg heim att- om Olavsgata.
Eg gjekk rett i kjellaren og fann ein fiskefilet, for i dag ville eg ha seibiff og det fekk eg, og har dessutan nok til i morgon også. Hadde store, gode mandelpoteter til.
Eg la meg inn på dagsenga mi og las i boka eg held på med, og sovna ikkje. Men det kjem eg til å gjere når eg set på TV om ei stund. Hittil har eg lese bok i ledige stunder.
Vi har i mange år vore i Volda 1.mai og delteke i lag med AP og SV -ar i samkome på Samfunnshuset. Etter den tistellinga har vi brukt å ete middag på Kinarestauranten. Slik vart det ikkje i dag- og då er det noko som manglar. Men gjer det noko om ein kjeder seg ein og annan dag? NEI. Det har vi berre godt av. Og no får eg regn i gjødselen min etter at den har brent litt mose.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...