tirsdag, mai 12, 2020

Dagbok 2020: 12.mai





Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 8 grader, det er stort sett opplett og litt sol. Det første eg gjorde etter at eg kom meg på beina i dag, var å stikke mobilen ut dørgløtten og ta bilde. Det hadde kome mykje snø i natt, så mykje at plogen hadde køyrt. Då det skulle ha vore vinter, kom det ikkje ei snøflugse, men denne våren har vi fått eine snøfallet etter det andre. 
Bilen min står i garasjen med sommardekk; eg kunne lett ha moka tunet og køyrt i dag, men det var ikkje så viktig. Eg var så vidt utpå tunet og brukte snøbrettet, men berre for å lage hol i snøen så den skulle smelte fortare.
Eg er så innstilt på vår og hagearbeid at eg tek meg ikkje til noko anna, eg vart sittande framfor datamaskina og legge kabal ei god stund, mens eg  høyrde lydbok på Storytel. Etterkvart tok eg strikketøyet i staden for kabal. 
Eg har ikkje vore ute og trimma sidan fredag, men i dag gjekk eg ei lita runde på Vallabøen, ville ikkje opp på Vernet og vasse i snø når eg kunne gå på berr asfalt.

Slik såg det ut på toppen av Storebakken i dag. Det som ikkje kjem godt fram på bildet er bjørkene med grønt lauv. Det kom litt snø i lufta mens eg var ute og gjekk.

Eg tok meg litt mat då eg kom heim før eg sette meg til med bok og strikketøy igjen. No er klokka så mykje at det snart er tid for TV. Eg brukar å seie at eg aldri kjeder meg- men somme gonger er det like før.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...