Klokka er 19.50, temperaturen på trappa er + 4 grader og akkurat no er det opplett og ganske fint. Før i dag har det vore litt av kvart, men snøen er så å seie borte.
På føremiddagen i dag var eg litt planlaus, sat lenge ved datamaskinen og chatta , blant anna. Eg talde for og imot det å ta ein tur på Alti. Til slutt greidde eg å bestemme meg for å fare nedover. Det var ganske mykje folk på butikkane, men ikkje så mykje som vanleg. Eg fekk kjøpt det eg skulle ha, og så for eg heim att. Åt oppvarma fiskesuppe frå i går, og la meg på senga for å lese. Etter ei stund ringde Solveig -ho ville komme innom ein tur. Så då begynte eg å finne fram diverse som ho skulle få med seg ut att, før eg laga ei vaffelrøre. Solveig kom på sekundet 17.15 som ho hadde sagt. Vi åt og drakk kaffi, og mens vi sat der fekk vi sjå vesle Amund på telefonen til Solveig.
Eg føler at det er litt lettare å vere i karantene no når eg har fått vore ute og køyrt litt. Spasertur blir det visst ikkje i dag, og eg må ikkje bli altfor modig-eg vil ikkje ha corona-sykja. Så eg kjem til å vere forsiktig framover også. Klokka var19.30 då Solveig reiste, så eg har ikkje sett nyheiter i dag. Får ein ny sjanse kl.21.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar