mandag, mars 09, 2020

Dagbok 2020: 9.mars


Klokka er 17.30, temperaturen ute er + 4 grader, akkurat no er det opplett, men det har regna før i dag; nesten all snøen er borte, med så er det i alle fall vått nok.
Viss eg vil ha noko gjort, så må eg ha ein plan, og i dag hadde eg det. Eg skulle ha ned "julegardinene på stova og få opp dei vanlege. Dei måtte vaskast tørkast og strykast først, så eg sette på vaskemaskina først av alt , før eg tok ned dei andre. Så pussa eg stoveglasa innvendig. Fysioterapeuten har forbode meg å pusse vindu og eg kjende at det var ikkje godt for armane. Så kom eg på at eg hadde ein nal.....og då gjekk det betre.
Maskinene tok si tid så eg rakk både å lese, strikke og ete middag før eg begynte med strykinga. Gardinene har eg vaska i maskin og stroke før, så eg visste dei tolte det. Men då eg stod klar med den første lengda, kom eg til å la strykejernet stå i ro på gardina ei bitte lita stund. Dermed smelta eg eit ganske stort hol i gardina. Inntil så lenge har eg fiksa det med maskeringsteip. Eg har mykje stoff/avklipp frå gardinene viss eg vil bøte skikkelig. I alle fall var det kjekt å få opp at dei gardinene, og så har eg noko å trekke attføre viss det blir mykje sterk sol -og det håper eg på.
Mobilen min var heit tom for straum så eg sette den på i dag tidleg. No er den fullada, men eg får den ikkje på. Har søkt etter hjelp på nettet-Amanda, for eksempel er veldig god på mobil. Det er henne eg har kjøpt den med. Ho jobbar på EL-kjøp i Furene.
Eg har festa trådane på eitt lestepar i dag og lagt opp eit nytt. eg strikkar litt innimellom, men kan ikkje overdrive. I morgon er det trening 10-11 og eldrefest frå 18-til 21.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...