torsdag, mars 05, 2020

Dagbok 2020: 5. mars


Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 5-6 grader, det er opplett men skya. Tidlegare i dag hadde vi litt sol. Eg vakna grytidleg i dag, men prøvde å sove vidare. Det gjekk ikkje så bra, så då klokka nærma seg 7 stod eg opp. Etter frokost shina eg kjøkkenet, lurte på om eg skulle vaske golv også, men slo det i frå meg, og tok fram spanskleksa i staden. Eg fekk gjort ein heil del, men det er slikt som tek tid. Eg tok også og festa trådane på lestene eg strikka ferdig i går kveld.
Og så dusja eg og kledde på meg treningskleda. Å ha time kl.12.30 er litt dumt -ein "øydelegg" både føremiddagen og litt av ettermiddagen også. I dag hadde både Marit og eg ærend på apoteket blant anna, så det vart ein tur på ALTI. Så fann Marit på at ho ville spandere kake og kaffi på oss, så då vart det kafé-besøk til slutt. Vo ville ha samme kaka begge to, den med bringebær og gelé på toppen -og  vi åt seint for å nyte den fullt ut.
I dag fekk eg ultralydbehandling på eine skuldra, og så fekk eg beskjed om å gjere minst mulig som involverer armane, ergo kan eg gå tur og ikkje mykje anna. Eg skal ikkje bry meg om alt som skal gjerast, seier ho. (Ho veit at eg gjer det likevel.) Marit og eg var samde om at kafébesøket var ein "højdare" på dagen.  Og neste gong skal eg spandere. Det er kjekkare å spandere kvar sin gong i staden for å kjøpe sjølv.
Då eg kom heim, la eg i vatn eit golvteppe som hadde ramla ned frå altanrekkverket og ned i blomsterbedet. Så fyrte eg litt i omnen, før eg sette meg til med meir spansk-lekse. Eg har ikkje hatt på Tv-en i dag, men Marit hadde sett Frokost-TV så ho hadde høyrt siste Corona-nytt. Apropos så var dei lens for Anti-bac på apoteket. Ikkje at eg hadde tenkt å kjøpe.
Eg skulle i grunnen pussa vindu-men fysioterapeuten seier NEI. Eg får sette på TV-en så sovnar eg sikkert ei stund.

1 kommentar:

Unknown sa...

Your Affiliate Money Making Machine is ready -

And making money with it is as easy as 1-2-3!

Follow the steps below to make money...

STEP 1. Tell the system which affiliate products the system will promote
STEP 2. Add PUSH button traffic (this ONLY takes 2 minutes)
STEP 3. See how the system explode your list and sell your affiliate products on it's own!

Are you ready to make money automatically?

Click here to make money with the system

Dagbok 2024: 20.september

 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda...