fredag, mars 20, 2020

Dagbok 2020: 20.mars

Klokka er 18.04, temperaturen ute er + 1 grad og snøen lavar ned. Då eg stod opp i dag var vêret fint og sola skein, så vidt det var. Eg heiv golvteppet på soverommet ut på altanen fordi det trong ein rist. Det fekk ikkje henge lenge.
Etter frokost etc. tok eg ein samtale med meg sjølv og eg vart samd om å vaske to veggar på stova i dag, etter at eg hadde hatt den vanlege runden på PC-en. Eg leita fram panelsåpa som eg kjøpte i dyre dommar før jul, men jammen var der to "flasker", så eg hadde nok kjøpt ei flaske før også. Ja, den kjem sikkert vel med.
Det er slutt på den tida då eg eg tek heile stova på ein dag, no har eg tenkt å bruke tre. Det er mykje arbeid med å ta ned alle bilde etc. og sjølve vaskinga tek også tid og krefter. Men no likar eg altså å vaske, så berre hendene og armane spelar litt på lag, skal eg komme i mål. Det blei ikkje tur ut i dag, både fordi eg vart litt sliten og så er ikkje vêret noko freistande. LITT trim er det vel å gå opp og ned i ei gardintrapp?
Eg har tatt eit par økter med spansken i dag også, og så laga eg pannekaker til middag-fordi eg fortente det.
Eg sette meg i godstolen og skulle kose meg med litt Storytel, men boka eg heldt på med var søkk borte, og eg fann den ikkje att, det er 2.eller 3. boka som har blitt halvlese på mobilen. Og no er eg ikkje ein gong innlogga på Storytel lenger. Ja, så får eg finne meg ei papirbok. Eg sette på TV, sikker på at eg kom til å sovne, men det gjorde eg ikkje. Det er typisk meg å få problem med mobilen, no får eg ikkje til å få bilda frå mobilen over på datamaskina, det har no funka før.
Eg er stadig i sjølvpålagd karantene og det har eg ingen problem med. Fredagane er det som regel mykje å sjå på TV, og så har eg garn og pinnar om eg skulle finne på å strikke litt. No ser eg ein flik av blå himmel,- eg vil så gjerne ha sol og fint vêr , slik at det går an å vere ute.
No får eg sitte inne og sjå veggene tørke og bli fine og lyse, vonar eg. Kva tid eg tek neste vegg står att å sjå-det er mange vegger i stova mi.
Eg vil ønske alle ei fin helg utan dramatikk. Take care!

1 kommentar:

bodilingeborg sa...

Hei Olaug. Eg fekk Audny til å lære meg bruk av Storytel. Det gjekk ei tid før eg vart trygg på bruken og streva litt, men no går det bra.
Enkel bruksanvisning:
1) Velg i Boktips oppe i venstre hjørne:
Du får diverse valg: Lyspære, stjerne osv.
I søkelupen kan du søke tittel/forfatter.
2) Legg inn bøker du kan tenke deg å lese i Bokhyllen (hjerte).
3) Last ned boka til offline før du byrjar å lytte i "Lytt"..., slett når du er ferdig med
boka.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...