søndag, desember 08, 2019

Dagbok 2019: 8.desember

Klokka er no 17.40 og temperaturen er minus 2 grader. Dette vêret blir meir og meir spennande. I går fekk eg snøsjokk, i dag før middag regna det (heldigvis) og no er det altså minusgrader. Eg sov dårleg sist natt, vakna tidleg i dag og har no sete og sove, meir og mindre, med TV-en på ørten episodar av "Farmen" på TV 2, fordi det var sport på 1-aren.
Men dagen i dag har ikkje vore så verst. Til tross for ein treig morgon då eg stort sett berre åt frokost og fyrte i omnen, kom Marit og eg oss av stad på sundagshandel,- som eg eigentleg er imot. Det er berre det at det er mindre trafikk og stress på vegane sundag før middag. Vi reiste herifrå ca. kl.13, då skulle vi først på Plantasjen og så på Coop som opna klokka 14.00. Det gjekk heilt som planlagt.
På Plantasjen kjøpte vi mellom anna kransar til gravene. Eg kjøpte også eit gravlys+ ein tenner, så eg slepp å ha med fyrstikker. Litt anna rask var det også kjøpt, t.d. juleserviettar og tennposar. Det siste ser eg etter på butikkane, men dei har stort sett berre tennbrikettar og dei er ikkje så gode.
På Coop handla eg mat, stort sett, og nokså usystematisk, men etter kvart får eg vel bygt opp eit julelager som varer om lag til påske. Dei hadde fin vakuumpakka spekesild, berre to filetar pr. pakke, billeg var den også. Men eg motstod freistinga og let vere å kjøpe. Men eg kjøpte eit glas med Delikat rømmesild, det vart middag i dag i lag med hardkokte egg.
Vi køyrde ikkje fram på gravene i dag, så det har vi til gode. I dag var det fint å køyre på Voldavegen, for der var det bert; her oppe i byggefeltet var det litt meir slapsete, men ikkje problematisk.
Etter at eg hadde ete middag sette eg meg i godstolen og halvsov - lenge. Eg er låk i skuldrane spesielt i dag, men armane er heller ikkje gode. Eg blir betre viss eg styrer med noko, så eg har sett på vaskemaskina. Eg trur eg skal lage meg ein kaffikopp-. 
I går kveld såg eg ein fin film på NRK 1. Eg hadde ikkje tenkt å sjå den men då eg først begynte greidde eg ikkje å rive meg laus. Filmen bygde på ei verkeleg hending, den var frå Island. Den var så nedstrippa at det nærma seg dokumentar- det var det eg likte. No får eg prøve å vere litt aktiv  før eg tek kvelden. Kanskje eg skal tenne to lys?

1 kommentar:

arieldog sa...

Takk for filmtips, den skal vi sjå!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...