Klokka er no 17.50 og eg var ut på trappa og sjekka temperaturen. Måtte sjå to gonger før eg var sikker på at gradestokken stod på + 8 grader. Det er no berre lekkert. Eg har ikkje vore lenger enn til garasjen i dag heller, men viss det blir mildt og fint i morgon , kan det hende at eg køyrer bort om Askjellhaugen og ser om isen har smelta såpass at eg kan gå bort til grava og ordne opp litt.
I dag har eg vore litt meir vaken enn det eg var i går, så eg har fått rydda opp i matvarelageret, og shina opp att kjøkkenet. Så har eg lagt i hop klede og vaska enda ei maskin osv. Eg har ikkje hatt på TV, men lese ganske mykje i boka mi. Eg er no komen til 50 -talet i serien, og sjølv om boka er frå Sverige hugsar eg att mykje av det som var i tida. Eg høyrer den framleis på Storytel, noko eg vil anbefale andre å skaffe seg. Enda meir lettvint enn MP3 eller Walkman. Margrete anbefalte å legge kabal på Pc-en mens eg les og det gjer eg ofte, men det går fint å sitte og slappe av også, sjølv om sjansen til å sovne er nokså stor.
Eg har ikkje sett på TV-en enno, for eg rekna med at det stort sett dreier seg om sjakk der. Eg er interessert i sjakk, men kan ikkje sitte å glo på pila i det uendelege.
Å sjå TV er kjekt når ein er åleine og kan konsentrere eg, og eg er glad for at eg kjøpte ein stor fin skjerm då gamle -TV-en streika.
For alle som er yrkesaktive er det kjekt med mange ekstra fridagar, men eg ser mest fram til at kvardagane skal komme tilbake, då blir det trening på tysdagane og så håper eg vi kjem i gang att med spansk-kurset igjen på onsdagane.
Eg har i grunnen ikkje mykje å fortelje, men eg må no gi eit livsteikn frå meg. Det er visst vind ute for dørene står og småristar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar