fredag, desember 20, 2019

Dagbok 2019: 20. desember


Klokka er snart halv seks, temperaturen ute er + 6 grader- og det regnar. Det er meir og mindre mørkt nesten heile dagen. 
Eg stressar ikkje framfor jula i år, eg gjer det eg kan, så får resten vere. I dag hadde eg nokre ærend i Vik, skulle ordne med ei gåve, hente pakke og kjøpe det meste av det som stod på lista mi, og det var ikkje så lite. Var ein liten tur innom ALTI i dag også.
I staden for å vente på at postmannen skulle komme med hentelapp, gjekk eg inn på nettet og sjekka om pakken frå Rasmus var komen fram, og det var den. Eg noterte koda og då fekk eg utlevert pakken. Rasmus sender alle gåvene til oss her oppe til mi adresse og så blir det ein byttedag her, truleg på veslejulaftan.
Det vart nokså fullt i bilen då eg hadde fått ut alt. På vegen heim køyrde eg bortom gravplassen og ville rydde litt på gravsteinen, men det var uråd å gå bort til grava, for heile gravplassen var dekt av tjukk, glatt is, så eg tok ikkje sjansen.
Etter at eg hadde fått alt godset mitt i hus, skreiv eg eit julekort og køyrde ned på ASKO og posta det, mens eg enno hadde sko og ytterklede på meg.
Då eg kom heim fyrte eg i omnen før eg tok meg mat.
Og så kom den store detten. Kvar dag med det same eg har ete "middag" vil augene late seg att, og då set eg meg i stolen framfor TV og søv eit sekund eller to.
Når eg skriv om alt dette som er "gjer" er det ikkje for å skryte, eg er berre glad for alt eg greier utan hjelp. 
Og for at eg lever. Eg snakka med ei jamaldra venninne i går, -og som ho sa: "Er du ikkje glad for at vi lever?" Jau, det er eg. I dag trefte eg ei som eg kjenner- på butikken, og prata litt med henne. Eg spurde korleis det stod til. "Ja, med meg er det bra," sa ho, "men mannen min har fått Alzheimer, og han vil ikkje på Ørstaheimen". Det er mange som ikkje har det heilt greitt, særleg når ein kjem opp i åra. Så om ikkje alt er tipp topp så får ein vere glad for at ein har det rimeleg bra.
Eg skal ikkje gjere så mykje meir i dag, skal bruke helga til å pynte opp litt meir, trur eg. Det er diverse som må gjerast så nær jul som mulig.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Lat vere å stresse - og køyr forsiktig !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...