torsdag, august 22, 2019

Dagbok 2019: 22.august

Klokka er 17.40, temperaturen ute er no ca. +20 grader, det er framleis skyer, men det regnar ikkje lenger. 
I dag morgon var det surt, kaldt og vått, så det freista ikkje å gå ut. Etterkvart kom eg meg ut døra og fekk plukka litt rips. Men ripsen smakar ikkje slik han skal i år, eg synest den smakar bittert. Så eg brydde meg ikkje om å plukke så mykje. Eg har heldigvis berre ein busk. Men eg rensa og fraus det vesle som var. Plommene er betre, så dei forsyner eg meg av stadig vekk. Dei er ikkje heilt modne, men dei har ein tendens til å hamne på marka uansett. 
Eg orka ikkje å vere inne når eg ikkje ein gong kan strikke. Eg har nok å gjere, mykje står på vent, mens eg samlar energi. I dag var eg litt tutlete, men så kom eg på at eg kunne ta opp potetene som eg sette langs bringebæråkeren. For to år sidan sette eg 1 potet der nede, i fjor planta eg to rader, i år vart det berre 1 og 1/2. Det var nokre store raude poteter som eg kjøpte ein gong, men ikkje likte. No kan ein seie at det er dumt å så noko ein ikkje likar, men slik vart det. Eg har truleg putta nedi nokre mandelpoteter også, eller så har dei lagt der frå før. Eg fekk mange store raude poteter, men også mange små kvite (mandel?). Eg kokte ei heil panne med små kvite som eg hadde til middag attåt litt spekemat. Det var veldig godt, men eg åt ikkje opp meir enn halvparten, så resten får eg ete kalde, eller så steiker eg dei. Ein kan ikkje kaste slikt ein har dyrka sjølv !
Etter at eg hadde fylt opp magen med poteter måtte eg ha ein pause før eg gjekk ut att og jobba litt meir i hagen. Då var sola komen fram og det regna ikkje lenger. 
Eg har snakka med Marit i dag, elles har eg vore her åleine, men eg kjeder meg aldri. Eg "pratar" på dataen og så tek eg eit spanskkurs innimellom. I morgon må eg kanskje klippe plen viss det er opplett, men Skråninga skal få vente. 
I morgon er det siste "Hundedagen"-og det går mot haust anten vi likar det eller ei.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...