Klokka er no 16.40, temperaturen er + 0 grader og det snøar. Alle bilda over er tatt klokka 15.30 frå trappa og altanen. På bilde nr.2 kan de sjå ein arm av maskina som lagar fonnvern. No er arbeidet kome så nær oss at det ristar bra kvar gong dei skyt. Dei jobbar framleis til langt på kveld, men tek fri fredag, laurdag og sundag. Det må vere ein sur jobb å halde på i slikt vêr. Men som de ser på det nedste bildet er det fint mellom bygene. Eg må også opplyse om at bilda er tatt med blitz.
Eg vakna tidleg i dag, men tvinga meg sjølv til å ligge frampå. Kva har eg oppe å gjere når eg ikkje kan gjere så mykje. Fekk eit lite sjokk då eg såg snøen, den var ikkje på vêrmeldinga i går.
Eg var låk i foten, så eg har stort sett sete og strikka i dag også. Men så fekk eg vondt i sitteknuten, det er eit gammalt problem.
Men litt har eg fått unna, eit par maskiner med klede har blitt vaska og så vaska eg golva på bad og kjøkken osv.
I går då eg sat og skreiv blogg kom eg på at eg ikkje hadde henta posten, det har eg ikkje gjort i dag heller. Kom på det no. Henta rett nok avisa i dag tidleg-men posten kjem seinare.
Eli ringde og sette meg opp på lista til julebordet i morgon med spørsmålsteikn etter. Får sjå an dagsforma i morgon. Akkurat no har eg det ganske bra.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar