Klokka er 18.40, temperaturen er + 4 grader og det har regna så smått i heile dag-trur eg. Eg har ikkje vore ute for ei dør.
Eg er i grunnen eit "nattmenneske" så eg er ikkje heilt i slag enno, men eg vaknar vel når det går mot midnatt. I går gjekk eg oppe og vasa til klokka var 2 før eg la meg, likevel vakna eg i halv sju-tida i dag , men det var fordi foten verkte så grassat. Eg tok ein halv sovetablett og sov til nærmare 11, då hinka eg meg opp og ut på kjøkkenet. Etter frokost begynte eg å gjere klart til familiemiddagen i morgon. Eg gjer det enkelt, ein må det når føtene sviktar. Men når alle gjer litt så plar resultatet bli bra. Vi kjem i alle fall til å ha nok mat - og nokså variert kost.
Når ein er nøydde til å ta smertestillande tablettar, blir ein nokså trøtte innimellom, så eg har sovna i godstolen eit par gonger i løpet av ettermiddagen, men eg har det bra. Det blir sikkert ein god del kjekke program på TV i løpet av kvelden, men eg slo av Monsen, og sette på radioen i staden no i ettermiddag. Eg har ikkje noko imot Monsen, men der er ei grense. I dag har eg ikkje eingong strikka-men dagen er ikkje slutt. Fekk mykje garn i julegåve, så no har eg arbeid ei stund. Og no blir det ikkje lestar. Fekk gensergarn av Solveig og mykje fint garn med Einar-det triggar fantasien min. Før dikta eg opp mange mønster - helst til barnebarna.
Eg såg/høyrde julegudstenesta på TV i dag, såpass at eg forstår at det er helg. Men eg har ingen ting imot å gå her åleine og surre når eg er som eg er.
Eg har fått time på røntgen 22.jauar, eg tykte det var lang ventetid. Då eg fekk vondt i den andre foten i februar-mars kom eg på røntgen dagen etterpå. Som Solveig sa: "Du risikerer no å bli bra før du kjem deg på røntgen." Ja, det er ikkje meg imot.
No gler eg meg til å sjå alle i morgon. Med Rasmus har eg kontakt med berre på nettet.
Her låg det an til kvit jul, men det varde ikkje lenge, det er så bekmørkt ute, men no blir dagane lysare etter kvart. det er då noko å sjå fram til.
Ønsker alle ei forsatt god jul!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
God jul ifrå en annonym leser av bloggen din :)
Legg inn en kommentar