Klokka er14.50, temperaturen er + 13 grader og det blæs. Er det noko eg saknar her i Ørsta så er det vind, ikkje kald vind, men som i dag. I dag sette eg meg til å sjå gudsteneste på TV, eg var spesielt invitert til å komme i kyrkja her, sidan eg har "mist" nokon i året som gjekk. Dei les opp namna på alle som har gått bort siste året. Men eg sat framfor TV-en og strikka.
Der sit eg litt for ofte, og i dag ville eg ut ! Det var så herleg vêr - og eg hadde eit prosjekt!
Eg har lenge hatt lyst å sjå meir nøye på fonnvernet som dei bygger på i skogen ovafor Vallabøen. Eg gjekk på vegen opp til øvste punktet, og gjekk opp i skogen der. Eg hadde vore såpass lur at eg hadde på meg gummistøvlar og hanskar. Så mykje som det har regna i haust, rekna eg med at der var rimeleg vått- og det var det. Eg var fleire gonger på veg mot jordens indre, kjende kor eg seig nedover, men eg kom meg opp på muren. To andre som kom etter med hadde hatt nytte av fotavtrykka mine. Men eg kom meg opp på muren, det var ikkje skummelt-det er så breidt at dei køyrer der med anleggs-maskinar. Men eg torde ikkje å gå muren til endes, for eg var redd eg ikkje kom meg ned att der. Så eg snudde og gjekk mellom muren og den fine vegen ovafor. heilt ned til elva kom eg, og så ville eg gå vegen tilbake. Men der var det stopp. Så var det berre å snu igjen og gå tilbake til elva. DÅ såg eg at eg skulle ha gått muren til endes, og eigentleg så hadde eg starta turen i feil ende. Eg skulle ha gått ut i Storebakken og starta turen ved elva. Men det viktigaste for meg var at beina kom heile heim. Eg gjekk seint og veldig forsiktig, og var borte i 1 1/2 time. (Bilda er ikkje redigerte)
Utsikt frå muren.
Vegen og Åsmundmarka.
Her går eg på vegen oppover.
Og her enda vegen. Det er inga skam å snu! (Eg vurderte å komme meg ned til startpunktet, men ville ikkje risikere noko. Det var VELDIG vått og gjørmete.)
Her var det eg skulle ha starta. Til orientering for andre som vil sjå seg om.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar