søndag, august 19, 2018

Dagbok 2018: 19.august


Når alt anna sviktar.

 Klokka er 19.00, temperaturen er + 13 grader og det har regna i heile dag. Akkurat no er det opplett såpass eg fekk gå rundt huset og leite etter plommer. Vi har to Opal-tre, der er plommer på eine greina på eine treet. På Victoriatreet, som var så fantastisk i fjor, er der nokre få plommer, men på Rivers Early er der ein del. Dei er små, men modne og veldig gode, også til sylte.  Eg rekk ikkje opp å plukke dei, men har både stige og gardintrapp, så viss nokon i familien har lyst å plukke, så er det fritt fram. Alt var så vått no at eg orka ikkje å plukke opp epla som har falle ned ein gong, dei skal eg lage jus av, når eg har mykje. Det var ein success i fjor.
Sist natt låg eg og ikkje fekk sove, noko som skjer nokså ofte. I 4-tida stod eg opp og åt eit knekkebrød og etterpå sovna eg og sov til klokka var ca. halv 9.
Eg hadde ingen planar eller avtaler for dagen, men hadde vêret vore betre hadde eg gått ein tur. I staden vart eg sittande inne og strikke og høyre lydbok. 
Så vart eg svolten etter kvart og fann ut at eg ville bake brød. Det vart tre digre brød med mykje godt i. I 16-tida var dei ferdige, så då vart det lunsj. Eg var så syndig at eg skar av skalken i begge endar på det eine brødet-det vart lunsj i dag. Mykje betre enn poteter!
Såg ferdig ein film som eg begynte på i går, og så strikka eg litt igjen. Blir nok ferdig med lest nr. to i kveld.
Elles har eg vaska ei maskin med klede, og ei maskin med oppvask- det sleit eg meg heller ikkje ut på. 
Eg blir så tiltakslaus når vêret sviktar; eg har mykje som eg kan og bør gjere, men har liksom ikkje tiltak til noko. Og så balar eg litt med denne datamaskina-det er slikt som tek tid.
I morgon er det mandag og på mandagar plar eg klippe plen. Tvilsomt om eg får klipt i morgon.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...