Klokka er 18.50, temperaturen er +22 grader C, tidlegare i dag har den lagt jamt på 30 grader, no kjennest det nesten litt kjøleg ut.
Marit sende melding om at ho skulle handle og eg kunne få vere med. Vi for nedover litt før 11. Ho skulle på apoteket, så i dag handla eg mat på Bunnpris sidan vi var på Amfi.
Då vi kom opp att begynte eg å klippe skråninga, måtte ha ein drikkepause innimellom før eg gjorde meg ferdig.
Eg måtte ha meg litt mat, og etter at eg hadde ete gjekk eg ut att og klipte opp mot gata før eg tok fram kompostkverna og mol opp ripsgreinene frå i går. Til slutt klipte eg rundt huset. Det går meg mykje drikke slike dagar, men klipparen treng ikkje så mykje bensin at DET gjer noko. Kom inn att og låg på dagsenga ei stund-men då kom krampen i beina. Måtte ligge ei stund før eg orka å dusje, men no er det også gjort.
På Amfi i dag trefte vi ei av venninnene til Marit, ei som bur på Ose. Der borte hadde det regna, men ikkje ein drope her i dag. Same kor sveitt og tørst eg blir slike dagar så nyt eg å vere ute. Det blir tidsnok haust, vinter og innevêr. Det har forresten ikkje vore så mykje sol i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar