onsdag, juli 25, 2018

Dagbok 2018: 25.juli



Mai-brud 
Klokka er 19.05, temperaturen +19 grader C, det er lettskya og opphaldsvêr. Fint arbeidsvêr. Eg kom nettopp inn etter ei økt i hagen. Skulle stusse perlebusken litt, den eg kallar brura, men eg har ein lei vane når eg skal beskjere busker og tre, at det meste går med. Slik vart det i dag også-ikkje mykje att av brudestasen. Trur eg må kjøpe ein ny busk-det gjer vel ikkje noko om ein har to?
I dag starta eg dagen med å vaske og rydde det høge skapet på kjøkkenet. Rasmus og eg var på Clas og kjøpte ei ny gardintrapp då dei var her, den gamle har vore brukt ute, så den vil eg ikkje ha i hus. Med ny trapp rakk eg opp på øvste hylla og fekk litt orden på sakene.
Margrete sende melding om at ho var i nærleiken og ville komme oppom, og det gjorde ho. Det blei ein kaffikopp og ikkje så mykje anna. 
I det ho skulle fare kom Helge, det var avtalt at han skulle komme og ordne med TV-tilgangen i kjellaren. Han fekk stort sett styre på i fred, mens eg dreiv med hagearbeid. Eg fekk endeleg jamna ut i skråninga og sått grasfrø, så får vi håpe dei spirer. Etter at eg hadde klipt buska, var det fram med kompostkverna, og etter det for eg over med klipparen og samla rusk. så vart det ein slags arbeidsdag i dag. Helge vart ikkje heilt ferdig, så han kjem att ein annan dag.
Når eg held på å jobbe anten det er ute eller inne, kjenner eg ingen ting i hofta, det er å sitte som er vondt-ganske irriterande, men ikkje verdens undergang. Sist natt var det såpass vondt at eg ikkje fekk sove, før eg stod opp i 3-tida og tok smertestillande. Etterpå sov eg godt heilt til klokka var 9. Eg åt litt ista, men må visst ha litt meir mat i kveld. Eg blir svolten av utearbeid. Og eg likar alt-med unntak av å plukke bær.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...