Klokka er21.10, temperaturen er + 1 grad så no trur eg det vert mildare etter kvart, det har for øvrig kome litt skyer på himmelen .
I natt sov eg tolleg bra, men vakna og verkte, som vanleg. På føremiddagen sette eg meg pal i ro utan tablettar, og var bra.
Marit køyrde meg ut til Nils litt før halv fem. Eg er alltid spent på kva som møter meg når eg kjem. I dag sat mannen i senga, og var i ferd med å sette på TV-en. Eg kunne ha ei ganske normal samtale med han, han verka ikkje surrete. Så eg fortalde litt om det som har hendt etc. Vi såg litt på TV i lag, men så vart han trøtt og sovna. Han sov ei stund, og var litt desorientert då han vakna, men han åt kveldsmaten sin og drakk kefir. Eg såg at han var trøtt, så eg vart ikkje så lenge. Eg ringde til Solveig nabo og ho henta meg heim. Men til tross for at eg har gått minst mulig verker eg no ganske kraftig i kneet, så eg skal sette meg i reclineren og sjå TV. Eg var inne på tanken å gå heim i kveld, men slo det heldigvis frå meg. Det ser ut til at det er ro og kvile som må til-men det har eg lite tolmod med.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 4.mars
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+7 grader, det har vore overskya i dag, men sola kom fram litt no på ettermiddagen; som de ser på bi...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar