mandag, april 02, 2018

Dagbok 2018: 2.april

Dette synet møtte meg då eg drog frå gardinene på soverommet i dag. Litt uventa, men fint også. Ei nydeleg påske har det vore når det gjeld vêret.
No er klokka 22.10, temperaturen minus 3 grader C og det var i alle fall delvis stjerneklårt då eg kom heim for ei lita stund sidan.
I dag føremiddag tok eg inn resten av kleda som hang til tørk på altanen, la i hop, og stauk det som skulle strykast. Det var ingen stor jobb, og å stå er ikkje så gale som å gå. Deretter sette eg meg ned med beina høgt, såg TV-opptak og strikka. Eg kan ikkje fordra å late meg midt på føremiddagen, men når ein har ein vond fot har ein ikkje noko val.
Hadde eg kunna gå, hadde eg tatt ein tur ut til Nils for eg hadde litt ekstra attelet i dag av ein eller annan grunn. Margrete og alle fine "ungane" kom i 16 tida, og fekk berre så vidt sette seg ned før eg jaga oss ut på Heimen. Nils sov som ein stein då vi kom, men vi greidde å få liv i han såpass dei fekk helse på han. Dei to eldste reiser tilbake til skule og studiar, så dei ville no seie ha det til han.
Etter at dei hadde fare, sovna Nils igjen, og sov og sov. Han hadde hatt smerter sist natt og fått morfin, så det var nok derfor han var så trøtt. Eg hadde lydbok og sat i godstolen med den -og halvsov eg også. Han vakna omsider, og var heilt klar i toppen, men trøtt og humørlaus. Det er så uvant å sjå han i dårleg humør, vi har vore vande med at han plystra og song og alltid hadde ein god replikk på lur. Slik er det ikkje no, og det er ikkje vanskeleg å forstå.
Eg hjelpte no til så han fekk i seg litt mat, og pussa tennene før eg gjekk litt før halv ti. Solveig nabo hadde eit ærend i nærleiken, så ho henta meg heim etter avtale.
I morgon må eg prøve å få tak i legen min, det er ekstra plagsomt med den foten, når eg er i den situasjonen som eg er i no. Det må no finnast ei slags hjelp. Det er ikkje langt å gå ut på heimen når ein er frisk i beina. No er det umulig.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...