onsdag, april 26, 2017

Dagbok 2017: 26. april


Dette var synet som møtte meg då eg stod opp i dag og såg ut. Det vil visst ingen ende ta med snøbyger denne våren, og snart er det mai. Akkurat no er det nesten bert ute og opplett, temperaturen er+ 4 grader.
Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå sjukeheimen. Trur det var i 15-tida eg gjekk nedover. Det eg likar best med at Nils er der, er dei friske turane til og frå, og så føler eg at han blir godt passa på. Men når har er relativt frisk vil eg sjølvsagt helst ha han heime.
I dag ringde eg til han før middag og spurde korleis det stod til. Då var han skikkelig dårleg, og hadde kasta opp att heile frokosten. Han får antibiotika i tablettform, ikkje intravenøst.
I dag hadde legen vore der og han hadde prata lenge med henne. Han hadde sagt at eg var SINT- og då ho høyrde kva som hadde skjedd, meinte ho det var med god grunn. For det var ikkje slik avtalen var. Eg kjem vel til å bli bra berykta etter kvart slik som eg sjefar på, men det får stå si prøve, det er ikkje for meg sjølv eg krigar.
No har eg begynt å blande meg bort i medisineringa også, så i kveld skreiv eg ein lapp om korleis dei skulle gjere det i morgon tidleg.(Det er ikkje berre utdanna sjukepleiarar som jobbar der.) Nils fekk først nokre tablettar mot kvalme som ikkje virka så bra-det var i sommar. Siste gongen han var på sjukehuset fekk han Afipran, og dei hjelpte godt. Dei har han også brukt mens han var heime. På sjukeheimen fekk han nokre som skulle "erstatte" Afipran. "Dei skal han ikkje ha", sa eg "han skal ha Afipran." Men dei tablettane hadde dei ikkje, og dei var visst heller ikkje å få. "DET er dei," sa eg "for eg kjøpte for eit par veker sidan. Og eg har heime. Eg tek dei med i morgon."
I dag fekk han Afipran både før middag og før kveldsmaten, han åt godt og vart ikkje kvalm. Så fekk dei også beskjed om at han skulle ha medisinen ein halv time FØR frokost. Så får vi sjå om det hjelper. Det er nemleg om morgonane han er dårlegast, slik var det også då han var heime. Eg bygger på erfaring-ikkje kunnskap.
Slik eg skriv høyrest eg heilt fæl ut, men eg er relativt høfleg og vennleg mot dei som jobbar på heimen. Dessutan får eg både kaffi og mat om eg vil ha, det fekk eg ikkje sist. Og så er der ein kjempegod stol med "fjernstyring" så eg kviler meg godt når eg er på besøk.
Eg likar ganske godt å ha føremiddagane heime åleine nokre dagar, slik at eg får "gjort" litt i huset. I dag rydda eg litt i kjellaren, bar glas og flasker ut i dunken, blant anna, og då kom eg fram på DAMPVASKAREN som eg ikkje har brukt på mange år. Den måtte sjølvsagt testast, eg hugsa ikkje heilt korleis eg skulle behandle den, men eg fann det ut og den virka. Det vart til at eg vaska golva på badet og kjøkkenet enda der ikkje var særleg skite. 

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...