Klokka er 20.35, temperaturen er minus 4 grader C, og vi har hatt ein strålande dag med sol frå klokka 9.50-16.
Har ikkje utretta så mykje i dag utom det vanlege "stellet". Hadde meg ei ryddestund i vaskekjellaren, la i hop nokre klede etc.
Bodil sende melding om at dei ville ta seg ein tur, så derfor laga eg relativt tidleg middag.
Bodil og Svein kom i 16-tida og hadde med seg kaffimat frå ein bakar på Eid. Ei nydeleg kake som berre den bakaren lagar. Vi åt og drakk kaffi, og hadde som vanleg mykje å snakke om. Vi treffer kvarandre så altfor sjeldan, og denne gongen var det spesielt lenge sidan sist.
Dei hadde med seg gåver også, så det vart nesten litt for mykje av det gode, sidan vi ikkje har vore så aktive på gåvefronten i seinare tid.
Det var i alle fall kjekt at dei kom, og så håper vi det ikkje blir så lenge til neste gong.
I morgon har vi ingen spesielle planar, vi får sjå dagsforma an.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 31.juli
Klokka er no 20.25, temperaturen ute er+ 12 graderC, det er overskya og regnar litt.Dette har vore ein roleg dag, har vore heime stort set...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar