lørdag, februar 25, 2017

Dagbok 2017: 25.februar



Klokka er 18.45, temperaturen ute er +3,3 grader C, så snøen smeltar. Dette snøfallet merka eg lite til sidan Stian har mok opp til fleire gonger for dag. Sjølv tok eg og spada litt snø vekk frå altanen, så det ikkje skal bli så mykje vatn bår det smeltar.
Sist natt hosta eg ganske mykje til tross for at eg hadde tatt hostesaft, men på dagtid har eg stort sett vore frisk og rask.
Føremiddagen brukte eg til ein del "kontorarbeid" etc. Einar kom og henta meg ca. 13.30, og vi reiste ut til Nils, etter ei stund kom Håkon også. Vi vart no sittande å sjå mykje på skirenn, no sidan Nils har rom for seg sjølv og stor fin TV har han det ganske bra. Og han tek gjerne imot besøk.
Det var Håkon som køyrde meg heim, vi stoppa ved Kiwi og handla litt begge to.
Kva eg har gjort på etter at eg kom heim må gudane vite. Eg har betalt rekningar på nettbank, skrive årsmelding for pensjonistlaget etc. etc. No skal eg snart parkere framfor TV-en med strikketøy.
Margrete og barna kom att frå London med nattbussen til Volda i dag tidleg. Dei må no ha hatt ein fantastisk tur; tre musikalar har dei sett, blant anna.
Turen var ei julegåve frå Margrete til barna, og pengane dei fekk av oss gjekk vel også med ++++ Fem personar i London i mange dagar kostar nok skjorta, men FOR eit minne å ta med seg vidare i livet. Margrete kjem sikkert til å skrive sjølv.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Turen kosta skjorta +++, men var verd kvar ei krone. Helga her har gått med til restituering, sidan ungane var relativt slitne etter reisa og opphaldet i storbyen.

Besta sa...

Ja, det blir nok eit minne for livet for dykk alle, og då er det sjølvsagt verd kvar ei krone. Forstår godt at de er slitne med det programmet de la opp til.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...