søndag, desember 04, 2016

Dagbok 2016: 4.desember.

Klokka er ca.17.00, og vi er nettopp ferdige med middag og kaffi. Temperaturen ute er + 6 grader C, og det er kliss vått. Har aldri sett så mykje vatn på plenen og rundt huset før. "Steinvegen" ligg delvis under vatn.
Eg har hatt ein del jobbar ståande på vent til leigebuarane flytta ut. I går kveld vart dei ferdige med nedvask etc. og kom med nøklane- og ein fin potteplante. Eg måtte vere med ned for å sjå over at alt var i orden, at dei hadde vaska skikkelig osv. Dette har alltid vore Nils si oppgåve, men no måtte eg overta. Det var ingen ting å seie på det dei hadde gjort nede, alt var i orden og der lukta reint og godt. Vi har ikkje leigd ut att enno, vi får sjå kva det blir til.
Eg såg at den gamle, blå Miele - støvsugaren vår stod der, den har overlevd fleire leigebuarar. Eg var litt spent på om den framleis var i orden, for eg hadde ein plan.
I dag før middag gjekk eg ned og testa støvsugaren, og den funka som berre det- særleg etter at eg sette inn ny pose, så då fekk eg støvsuga i kjellaren vår. Den jobben stod på vent. Den store tunge støvsugaren som vi har no, eignar seg ikkje tik å bere opp og ned i kjellaren. Godt å ha ein eigen støvsugar der-så lenge den varer. Det einaste som mangla var eit rør  til å skøyte med, der var berre eitt, skulle ha vore to. Men det får vi kanskje ta i.
Eg hadde ikkje ro på meg til å sitte inne, så eg gjekk like godt ned i tilbygget og begynte å koste golvet-det var fullt av lauv og anna rusk og rask. Så fekk eg inn plenklipper, kompostkvern og alle slags hagereiskapar som stod både her og der. Å seie at der no er fint og ryddig ville vere å overdrive, men der er i alle fall betre enn der var, og alle ting er i hus-ja, kanskje ikkje slett alt, enno.
Mens eg jobba gjekk eg i croxar og ullester, skulle sjølvsagt ha brukt støvlar, så eg var både våt og kald til slutt, der eg gjekk og vassa på plenen. Så det var rett i dusjen og på med tørre, varme klede. Der er ikkje elektrisk lys i tilbygget, så vi må rydde mens det er dagslys.
No når eg er ferdig med desse jobbane kan eg kanskje begynne å tenke JUL ?
Torbjørn kom bortom eit ærend, og etterpå laga eg middag,; i dag vart det fiskesuppe med fiskebollar, vi ville ha noko lett sidan vi skal ut og farte i morgon.
Nils køyrer med bilen vår ned på haldeplassen, og så tek vi buss vidare. (Han har starta bilen i dag for å sjekke om alt var i orden).Vi håper det skal gå bra. Det blir spennande å høyre kva legen seier i alle fall. Det vi veit så langt er at han skal stråle hofta. Då blir det kanskje ut til Åse kvar dag ein periode. Utanom helgane . Han har ikkje vege seg på lenge, men eg synest han ser bra ut, men nokså slapp er han framleis. Han er i alle fall oppe heile dagane, sjølv om han stort sett sit i ein stol og ser TV.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...