lørdag, desember 31, 2016

Dagbok 2016: 31.desember

Klokka nærmar seg 21.00 og dei skyt vilt ute, men inne er det fredeleg. Vêret er roleg, med litt regn av og til. 
Ser at mange legg ut bilde på FB av fint dekka bord, og då blir eg litt flau over bordet på bildet mitt. Men det er ikkje "festbord" i den forstand.
Sidan Audun snart skal reise att, ville han og Einar komme innover ein tur i dag, Dei skulle ikkje ha mat, sa Einar, for dei skulle ut att til Hareid og ete pinnekjøt-etter som eg forstod. Men ein kopp kaffi og litt attåt tok dei imot. Etter ei stund kom Håkon også innom og han fekk skrape isbegeret. Det er koseleg med besøk, og denne jula kunne vi ikkje ta imot alle andre juledag, slik tradisjonen har vore, så besøka har vore puljevis, til dels også enkeltvis. Det er koseleg det også.
I dag har Nils hatt ein god dag. Han var ikkje heilt i form frå morgonen av, så han fekk legge seg nedpå etter frokost, mens eg støvsuga teppegolva.
Middagen i dag vart utradisjonell. Vi hadde mykje pinnekjøt att frå julaftan, men sidan vi begge vart dårlege i magen av den sterke kosten måtte vi gjere ein vri i dag. Vi enda opp med juleskinke i tynne skiver, med poteter, bernaise, surkål og grønsaker. Det smakte godt, og for meg er det ikkje så viktig kva eg et. Det viktigaste er at Nils får i seg mat. Det kan virke som om vi har det kjedelig, men det har vi ikkje. Vi har nok av god mat, program på TV-en og manglar ikkje noko.
Vil ønske alle blogglesarane ein fin kveld og alt godt i det nye året.
Vi takkar for all hjelp og omtanke i det året som no snart er slutt.
                                              

GODT NYTT ÅR!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...