Klokka er snart 21.00, temperaturen er +6 grader, tidlegare i dag var det oppi + 10 grader C. Det har vore opplett og lyst i dag, så lenge som det varte.
Nils sit og pratar i telefonen no, med ein fetter frå Solund. Det er kjekt for han å prate med folk når han er opplagt til det. Han kjem seg jo ikkje ut, og det han bli litt einsidig med berre meg å snakke med. Lars var ein tur innom, noko som han også sette pris på. Då fekk han snakke om Harald; Nils og Harald var gode venner i alle åra dei var kjende og dei hadde diverse prosjekt i lag.
Elles har det vore ein roleg dag i dag. Vi har ete og vi har slappa av det meste av tida. Eg gjer no alltids litt husarbeid, i dag shina eg opp kjøkkenet, og i morgon er det fredagsvask. Men eg blir no gåande rundt Nils for det meste, han sit mykje i ein stol og beordrar diverse mat, drikke og tablettar. Så eg er litt heimehjelp/heimesjukepleiar i eigen heim. Så lenge det går bra med Nils og eg føler det går rette vegen, så er det meiningsfylt. Julevasking og baking etc. bryr eg meg ikkje det minste med.
Vi skal vere her for oss sjølve, vi to, og synest det er heilt greitt i den situasjonen vi er i no.
Dagane, vekene og månadane går fort uansett.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar