Klokka er19.30, temperaturen ute er minus 1 grad C, det har vore skya men opplett i dag.
Før middag vaska eg til helga, og så strikka eg litt mens eg høyrde lydbok. Eg hadde bestemt meg for å ta bussen til Volda i dag, men hadde inga aning om kor lang tid eg ville bruke på å gå ned til haldeplassen, så eg kom 20 minutt før bussen skulle gå. Eg kjøpte billett til sjukehuset, men då vi kom til haldeplassen i Volda var det stopp. Ikkje ALLE bussar køyrer opp til sjukehuset, og eg hadde valt ein som ikkje gjorde det. ja,ja, eg får sette det på taps-og vinningskonto. Omsider kom det ein lokalbuss som tok meg til sjukehuset, då var det ca 2 timar sidan eg for heimefrå. Tida betyr no ikkje all verda for meg. Margrete kom ei lita stund etterpå, og ho køyrde meg heim att, med eit lite stopp på Lefdal i Furene. Så skulle ho hente Amanda hos farmora og ta henne med heim.
Det var ikkje så store endringar med Nils, men dei jobbar no for å få han på beina. Eg var der mens han åt middagen sin-han prøver å ete om han slett ikkje han særleg matlyst. Eg hadde kjøpt meir taletid til mobilen hans, så no kan han ringe til den han vil.
Då eg kom heim tok eg ein tur til nokre naboar fordi Nils ville ha mobilnummeret deira. Det fekk eg, men då eg gjekk inn på datamaskina mi såg eg at eg hadde der frå før.
No har eg kvikt i omnen og har det varmt og godt, og så skal eg ete litt, har ikkje ete sidan frokost, men det er mykje att før eg blir mager.
Ønsker alle ei god helg, det gjeld å ta vare på alle gode dagar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.august
Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar