Klokka er ca. 21.00, temperaturen mellom +8 og +9 grader C. Det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Må berre beklage at eg ikkje har fine bilde å legge ut, men for dei som har tilgang til Facebook er der drøssevis av fine Ørsta-bilde.
Eg hadde ein plan for dagen, det var lufting av sengetøy og vasking av sengetøy og soverom. Det var det første eg greip tak i etter frokosten. Sengetøyet kom ut så snart eg hadde fått tørka av rekkverket på altanen, og så gjekk det slag i slag. Hadde så smått tenkt å klippe litt plen også, men det var for vått. Vi laga oss eit lite lunsjmåltid, og så la eg meg ut på altanen for å lese bok, og sjølvsagt sovna eg.
Nils kom og ropte at det var besøk til meg, og eg spratt opp. Det var koseleg at Birte og Håkon stakk innom og drakk kaffi i lag med oss. Elles var det mykje planlegging av fiskeri, teiner etc.etc.
Etter at gjestane var reiste skunda eg meg litt for å få inn att sengetøy og tepper før sola forsvann. Eg hadde akkurat sett meg attåt datamaskina for å sjå gjennom Facebook, då ringde det på- og der stod Solveig. Så denne dagen vart meir innhaldsrik enn vanleg. Det er kjekt med besøk, men eg må berre minne om at ONSDAG blir vi ikkje å treffe.
Nils er i bra form no, men best om ettermiddagen. Han et, men mest fordi han må, maten smakar liksom ikkje. Men han er innstilt på å følgje råda vi får hos ernæringsfysiologen på onsdag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026.: 15.august
Klokka er no 20.14, temperaturen ute er +13 grader C, og det regnar meir og mindre, slik det har gjort i heile dag. I dagmorgon var det oppl...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar