søndag, august 07, 2016

Dagbok 2016: 7.august

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 16 grader C. Akkurat no er det opplett, men for ei lita stund sidan styrtregna det.
Vi har hatt ein heilt uvanleg stille og fråkopla dag. Trur knapt vi har vore ut på trakka. Ein av naboane ringde og lurte på korleis det stod til med oss sidan dei ikkje hadde sett snurten av oss. Det er kjekt å ha naboar som bryr seg, men det var ikkje noko spesielt som feilte oss i dag. Nils er som vanleg slapp og ikkje i form, og sånn kjem det til å vere lenge enno.
Men meg var det ikkje noko i vegen med. I dag hadde eg bestemt meg for å lage fiskekaker- og det gjorde eg. Dei blei veldig gode om eg skal seie det sjølv. Sidan oppskrifta mi er på 1,6 kilo fisk, og eg hadde berre ca. 1 kilo. Sidan eg laga røra i foodprosessor måtte eg dele i to. Dermed måtte eg gonge alle mål med 5/16 -så kom ikkje å sei at brøkrekning ikkje er nødvendig. I matlaging er det ofte nyttig.
Eg fekk ein del arbeid med å vaske opp og rydde kjøkkenet, og det var heilt greitt. Vi fekk tre middagar av denne porsjonen, og det viktigaste er at fiskekaker er noko som Nils kon ete.
Elles har eg strikka ferdig ein lest og lese i boka mi."Svømmeren" heiter den. Den er litt utfordrande sidan den heile tida skifter tid og stad, så eg må ofte lese om att fordi eg konsentrerer meg for dårleg.
Dessverre vart det ikkje vêr til å plukke rips, men så tok eg og strauk litt klede.
Dette er ikkje den beste sommaren vi har hatt, men vi er innstilt på at "slik er det bare" og vi lid inga naud. Og så håper vi på eit godt resultat.

Ingen kommentarer: