Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 13 grader, og det er overskya opphaldsvêr. Nils har benka seg framfor Tv-en for å sjå fotball, eg nøyer meg med å sjå andre omgang og ev. ekstraomgangar, straffekonk etc.
I dag har eg hatt ein relativt aktiv dag. Det første eg gjorde var å lage ei kake og koke ei panne med graut-før eg begynte på plenslåtten. I dag vart det skikkelig klipt både opp mot vegen og rundt huset, skråninga fekk stå. Eg klipte med elektrisk klippar på lågaste stillet, så no er her snaubarbert. Og om det ikkje var varmt ute, så rann sveitten.. Det eg synest er rart er at eg kan klippe plenane utan å få vondt verken her eller der, men vaskar eg badgolvet vil ryggen gå av. Det er det å bøye meg som eg ikkje toler.
Eg kom inn att klokka 13.30, då åt vi graut og spekemat, og eg dusja. Så var vi innom biblio og henta ei bok og leverte fire, før eg dukka opp hos frisøren til avtalt tid: 14.30. Der blei det litt krøll, men ikkje i håret. Ho som hadde notert bestillinga hadde notert meg med feil namn, Solveig Trovåg, og så hadde ho berre notert at eg skulle fargast, ikkje klippast, og det hadde dei eigentleg ikkje tid til-ikkje ho som var notert som "behandlar" i alle fall. Men eg vart både farga og klipt, ei farga og ei anna klipte, mens eg måtte vente litt mellom operasjonane. Nei takke meg til gode, gamle Åse. To timar tok behandlinga, så eg fekk lese mykje blad. Eg har fått "gutafrisyre" for tredje gong i år, og er fornøgd med det. Eg jobbar som ein kar, og då kan eg sjå slik ut også.
Etter at eg kom heim att, han eg brukt mykje tid på lydboka mi, og no har eg snart fullført, har berre litt att, så er eg ferdig med Katherine Webb for denne gongen. Det har blitt manga rosa bøker i sommar, kanskje like greitt når ein får så korte lesestunder.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 11.juli
Klokka er no 18.53-, temperaturen ute er +18 grader C og sola skin enno. Det er ein liten bris ute også, så det er heilt nydeleg. Eg skull...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar