Klokka er 17.30. Temperaturen er + 4 grader, og det har stort sett vore opplett i dag. Det hadde kome litt snø sist natt, men den vart fort borte.(Bilda er tatt i 14-tida).
I dag hadde vi ingen faste planar, så eg sette meg til å strikke mens Nils såg TV.
Sidan eg ikkje kunne ta resten av stova i dag, sette eg i gang å vaske og rydde på "datarommet". Vaska taket og øvste delen av veggane, men det som var arbeidet, var å rydde og vaske alle hyller, kassettar etc. Eg hadde ein heil plastbalje full av div. papirar som gjekk rett i "dunken". Alle album og bøker vart tatt ned og sett opp att, berre det er ein heil jobb. Særleg når ein er dårleg i hofta i utgangspunktet. Det står ein del att før eg er ferdig med det rommet, men det meste er gjort.(Skrivebordet er eit kapittel for seg.)
Mens eg vaska gjorde Nils klar middagen, det var kokt, kald laks i dag. Laksen hadde han kokt i går.Den var veldig god, men agurken ein får kjøpt på denne tida av året smakar ikkje som han skal.
Sidan vi verker i kvar vår hofte er det ikkje så freistande å gå nede på Amfi og halte, derfor heldt vi oss heime i dag.
Eg har nettopp hatt ein lang telefonsamtale med ei veninne i Bergen, vi er tre "jenter" frå Eid som har halde kontakten i alle år,men no er den tredje svært sjuk.
Ei lita helsing til naboane på GC: Det har ikkje minka mykje på snøen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:22.august
Bildet har eg tatt frå altanen mot vest litt før klokka 21. Klokka er no ca20.30, temperaturen ute er + 14 grader, det er o...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar