fredag, mars 04, 2016

Dagbok 2016: 4.mars


Klokka er snart 17.00, temperaturen er + 7 grader, og det er overskya opphaldsvêr. Snøen smeltar, men det går ikkje fort, for det er nattekaldt.
Eg hadde ikkje planlagt å vaske resten av stova i dag, og det har eg heller ikkje gjort. Eigentleg har eg ikkje gjort så mykje, var litt sliten etter gårsdagen, men har ikkje vondt nokon stad.
Før middag strikka eg ferdig ein lest, festa trådane, las ut ei bok, vatna plantane til naboen som er på G C, og så rydda og vaska eg ei bokhylle på datarommet mitt.
Vi hadde tidleg middag, i dag var det steikt sild-tredje dagen på rad med fiskemiddag. Etter at vi hadde slappa av ei stund var vi ein tur ned på Amfi og handla. Vi trong ikkje all verda, men vi likar betre å handle på fredag enn på laurdag.
Og i dag fekk Nils endelig batteriet som han hadde bestilt til ekkoloddet, så no sin han og fiksar det.

I dag fyller Ingar på Kongsberg 6 år, og til hausten blir han skulegut. Han har fått mykje Lego i presangar, så dei har å styre med. Reknar med at storebrørne også synest det er kjekt å halde på med det. Eg synest det er trist at dei er så langt borte at vi ikkje kan vere med å feire bursdagane deira.

Det er fredag igjen, fredagane og helgane kjem oftare og oftare, det var ikkje slik då vi var i arbeid, vekene var lengre då. No vil eg ønske alle ei fin helg-vi håper på å få sjå sola!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...