Klokka er snart 19. Sola skin og det er + 8 grader ute. Det har vore ein fin dag, etter ei kald natt, noko som gjer at snøen ikkje smeltar så fort.
I dag reiste Nils til Åse i 11-tida, og eg vart heime åleine. Først rydda eg litt i huset og shina opp kjøkkenet. Sidan gjekk eg ut og raka singelen ut av plenen der det var bert, og så tok nabo Solveig og eg og spada snø og heiv den opp på vegen for at den skulle smelte fortare. Det var ganske kjekt. Plukka singel frå blomsterbedet også. Sidan eg gjekk i croxar vart eg ganske våt på beina, og gjekk rett inn i dusjen og vaska håret m.m. sidan eg likevel var våt.
Så laga eg pannekaker til Nils kom att i 16-tida.
No var eg ut og tok nokre bilde av snøsituasjonen. Solveig hadde starta opp på nytt med å mòke, men ryggen og hofta mi hadde fått nok, så eg avstod. Men eg såg at no blomstra snøklokkene på plenen.
Etter at vi stilte klokka blir eg like forundra kvar dag over at det er lyse dagen- til langt på kveld.
Eg har fått tre meldingar frå biblioteket, så i morgon blir det vel ein tur nedover. Eg har ikkje vore til Vik sidan før påske. Mandag er det styremøte i pensjonistlaget, vi har hatt lenge fri no.
Denne vesle plenbota er raka og stelt i dag.
Nadanfor garasjen har Nils vore og rota i snøen. Dette er ein av lagringsplassane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 18.september
Eg var ut på trappa og tok dette bildet. "Regnfulle dager fremover" stod der på PC-en min. Og eg tviler ikkje . Vi må ta det vi få...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar