fredag, desember 25, 2015

Dagbok 2015: 25.desember.

God jul !

Klokka er 17.15. Temperaturen ute er ca + 4 grader; det er regn og vind, men ikkje ekstremvêr, sjølv om eg har sett på diverse FB-bilde at det er høg flo.
Eg hadde pelma i meg så mykje kaffi på Hareid i går at det var den lyse morgon før eg somna, og sømnen var ikkje lang.
Rett etter frokost fekk vi besøk av ein nabo med julegåver; han hadde vore her i går, men då var vi vekk. Ei stund etterpå kom han att med ein nyrøyk ørret (varmrøykt) så det vart middagen vår i dag. Sidan vi ventar storfamilien på besøk i morgon, kan det vere godt med ein kviledag for magen.
I går kveld/ natt såg vi julegudstenesta frå Tromsø, i dag var det ny sending frå same kyrkja, men då fekk eg meg ein liten lur, såpass eg kvikna til.
Som sagt var vi i kyrkja på Hareid i går, og den som heldt preika der, var den nye Volda-presten Kristian Myklebust. Han var flink, men det er noko som irriterer meg nesten alltid når eg er i kyrkja, og det er at prestane ikkje kan gå opp på preikestolen, såpass at alle små,, inkludert meg sjølv, kan sjå den som snakkar. Dette var eit problem den tid eg gjekk på skulegudstenester med  elevane mine også.
Elles har vi brukt ei lita stund til å gjere klart til morgondagen, men det meste er gjort klart for lenge sidan. Vi blir ikkje så veldig mange sidan det er berre Solveig og Margrete med familiar som er i nærleiken. Men jammen er eg glad for at ikkje Rasmus & co tek turen over fjellet i dette vêret.

Desse bilda frå Ørsta sentrum i dag er tatt av ein profesjonell fotograf.
Raftevold hotell, Grodås. (Fjordingen).
Her hos oss, oppe i bakkane, merkar vi ikkje noko til uvêret


3 kommentarer:

solveig sa...

Her står visst ferja i dag ...

Prestane har kanskje noko å lære av pedagogane!
Ein lærar ville sett flest mogleg i augene.

Besta sa...

Mange har sagt ifrå både her og der, men prestane VIL ikkje høyre.

Elin sa...

God jul framleis! Lukke til med selskapet i mårå! Vi har hatt den tradisjonelle julekveldsen her i kveld, med svigerforeldra mine og alle våre, minus kjærasten til Audhild, som har brøytevakt.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...