fredag, november 06, 2015

Dagbok 2015: 6.november

Klokka er snart 16.00, temperaturen er + 14 grader C og det er fint, lettskya vêr, sola har vi også sett.
Ikkje uventa dreier det seg mykje om båt her for tida. Nils sit mykje i telefonen og diskuterer med den eine og den andre. Møre-Nytt ringde også, og dei ville ha bilde, så eg måtte leite gjennom alt eg har-utan at eg fann noko som var heilt bra.(Enda så mange bilde eg har tatt i årenes løp.) Saka er at motoren var kjøpt ny i fjor, og den burde vere med. Han som Nils kjøpte motoren med hadde ein båt han ville selje, derfor måtte vi ut i hamna og sjå på den.  Nils vil heller ha same sorten som han hadde, men han kan  ikkje gjere noko før han får klarsignal frå politi og forsikringsselskap.
Eg fekk no støvsuga teppegolva uansett og gjort diverse husarbeid. No driv Nils og lagar middag, det kan no vere greitt å tenkje på litt anna enn den forsvunne båten.

Etter at vi hadde vore på Rjåneset tok vi ein tur innom Plantasjen. Eg berre måtte ha ein ny orkide, for no begynner dei gamle å tape seg. Der var det full jul ! Ja,ja, vi skal bli bra leie av julepynten før jula kjem. Dei hadde ein liten krok med adventspynt også.
Utanfor Amfi var vår kjære pølseseljar på plass og han hadde elg med både blåbær og tyttebær, så vi kjøpte begge deler. Han hadde mykje anna godt også: honning, saft, syltetøy, sylteflesk, fenalår etc.etc. Han kjem att ein gong til før jul og då skal han få lov å stå inne. No skal vi ete salt lange, det blir vel ei stund før vi får fersk fisk igjen. Heldigvis var der verken sneller eller anna fiskeutstyr i båten.
Det er fredag igjen og eg ønsker alle ei veldig god helg.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...