lørdag, november 21, 2015

Dagbok 2015: 21.november

Klokka er snart halv sju. Temperaturen ute er så vidt over 0 og det har snøa i heile dag.
Eg var ikkje så begeistra for at Nils skulle til å moke snø i dag, etter fallet i går, men eg er ikkje den som kan ta over. Han tok jobben.
Så gjorde vi oss klar for å fare til Vik. Eg hadde ei lang hugseliste sidan vi ikkje har handla heile veka.
Sjølvsagt trefte vi mange kjende som vi prata med. 
Eg hadde bestemt meg for å kjøpe lefser på revmatikarbasaren, derfor stakk vi innom kulturhuset. Der var mykje kjentfolk, reine pensjonistmøtet og vel så det. Vi sette oss ned i lag med den gamle kollegaen min, Kjellaug, og dottera hennar. Vi kjøpte kaffi og kaker, og vi kjøpte "årar" av papir i to omgangar. 
I første omgangen vann eg ei lita barnehue, for lita til alle mine, men eg kan no gi den i neste innsamling. Eg var ikkje blant dei heldige som vann "velkomsthøner" eller "flaskenissar". Heller ikkje vann er strikkalestar. Det er utruleg kor mykje medlemmane lagar på møta sine og heime. Der var eit hav av gevinstar. Eg fekk i alle fall lefsene mine, og så støtta vi revmatikarane.  Vi fekk med oss nokre nummer av Åmdalen trekkspelklubb før vi forlet kulturhuset. Dei to andre basarane fekk vi ikkje med oss i dag.
Eg hadde kokt opp risgraut før vi for nedover og sett den i steikomnen, så den var nesten ferdig då vi kom heim. Middagen i dag vart altså graut og spekemat.
Sidan eg hadde site så mykje før middag, måtte eg strekke meg ut på sofaen etterpå, og der vart eg liggande litt for lenge. Ikkje godt for ryggen det heller.

Det er fint med snø. Det vert både reint og lyst ute. Berre synd at den ikkje får ligge i ro. Det er meldt mildvêr neste veke.




Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...