tirsdag, november 17, 2015

Dagbok 2015: 17. november.

Klokka er 17.00. Temperaturen er + 8 grader C. På føremiddagen var det fint ute, men eg var inne. Såg sola i nysnøen på Nivane. Seinare kom det litt regn, og så vart det mørkt.
I dag har eg hatt trøbbel med å få lagt bilde inn på datamaskina. Det plar dukke opp eit fotoapparat nedst på sida når eg set i ledningen, det gjorde det ikkje i dag. Og minnebrikka har ikkje virka på år og dag.
Eg fekk sjølvsagt til å legge inn bilda til slutt, men på ein meir tungvint måte.At bilda er uklåre kjem av at eg har fotografert mot vindua.

I dag hadde eg planlagt å ta ned "sommargardinene" og henge opp dei  gamle, kvite "vintergardinene". Men eg hadde gløymt kor mykje arbeid det var. Eg måtte sjølvsagt pusse vindua og rydde litt i blomsterprakten med det samme. Seks lange lengder måtte strykast før eg kunne henge dei opp, og 90 klyper  skulle av og på. Eg var ikkje ferdig før klokka 13-men så har eg gjort noko "til jul ", eg også.
Eg er glad i dei 15 år gamle gardinene, dei var vel helst ecry då dei var nye, no er dei nærmast kvite. Dei var kjøpte om lag då Amanda vart fødd, derfor veit eg kor gamle dei er.Det er kjekkare å pynte til jul når desse gardinene heg oppe enn når vi har gardiner med lilla blomster.
NIls la på vinterhjul i går, og i dag spylte han sommarhjula og la dei vekk.Han fekk også tid til å sage nokre greiner av eine plommetreet. No har han funne ut at det blit så bra vêr at han kan få fiske i morgon. I dag kokte han salta lange til middag. 
Etterpå hadde vi ein kvilepause før vi drakk kaffi. No er han i garasjen, og eg har vaska "rundt" på kjøkkenet. Han planar om å ta helgevasken i morgon dersom eg blir her åleine. Ja, slik går no dagane. No brukar eg heile veka på det som eg gjorde på fristundene før.
Den flotte kvite asaleaen var det Solveig som kom med sist helg. Den er enno i live. Eg plar ikkje vere så flink med den sorten, men denne  får  i alle fall vatn.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...