torsdag, september 10, 2015

Dagbok 2015: 10 september

Klokka er 18.30, temperaturen er + 15 grader C. Det var varmare tidlegare i dag, då var her sol og klårvêr, men no er det litt meir disig. Det kjem kanskje skodde til natta.

Det har vore ein utruleg fin dag, og vi starta dagen med hagearbeid. Når sant skal seiast er det no Nils som gjer det meste arbeidet, men eg hjelper no til. I dag skulle han klippe, eller stusse, granene nedst i hagen, dei er restar etter ein gammal granhekk. Desse trea har fått stå for å skjerme for kompostkassa, resten av hekken er vekk for lenge sidan.
Etter at han hadde klipt alle toppane, syntest eg at vi i grunnen kunne tatt vekk heile trea, det same meinte naboen. Det vart til at vi tok eitt tre i dag, så får vi gå vidare på prosjektet ein annan dag. Slike gamle graner som har vore "toppa" tusen gonger er liksom ikkje så fint. 
Vi tok vare på stammen og dei tjukkaste greinene til ved, skatet køyrde Nils bort på VØR. Vi har brukt å male opp greiner etc på kompostkverna, men det er no ei grense for alt.Der står også to "villplommetre" utan plommer som skal vekk. Skulle ønske naboane nedanfor også fekk vekk nokre tre, så vi får betre utsikt. Dei har faktisk planar om å reinske opp, dei også.
Det vart mykje bøy og tøy for meg, og eg vart litt skeptisk då ryggen begynte å verke. Men eg la meg på solsenga både vel og lenge, så eg trur det skal gå rimeleg bra.
Etterpå vaska eg golva, så no er "fredagsvasken" i boks, og ryggen er ikkje så veldig dårleg.
I dag kan vi gratulere nevøen vår, Leon Roald, med 59- årsdagen, han var knapt to år då eg kom inn i bildet.No er han lok-fører og bur i Bergen.

1 kommentar:

solveig sa...

Her var det skodde til langt på dag... I morgon er det idrettsdag. Då kan vi håpe på sol frå morgonen av!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...