lørdag, august 08, 2015
Dagbok 2015: 8.august
Klokka er 20.40. Temperaturen ute er +15,5 grader C. Det er overskya, men opplett. Slik har det vore det meste av dagen.
Rasmus og familien reiste klokka 10.30 ca, og av meldingar vi har fått går det fram at dei tok vegen over Valdresflya til ei avveksling.
Når vi har besøk blir det så som så med rydding etc. så vi tok eit tak i huset etter at gjestane var reiste. Fekk på plass sengetøy og det som skulle vaskast fekk ein tur i maskina. Eg synest det er greitt å ta opprydding, vasking og støvsuging med det samme, så gløymer eg at det eigentlig er trist at dei fer. Det er kjekt å ha besøk, og gutane er veldig greie og fredelege no når dei er så store.
Etter at det meste var i orden, åt vi middag og så tulla eg meg inn i eit pledd og la meg på sofaen med lybok-det vart ikkje mykje lese, men ryggen kom seg veldig.
Nils MÅTTE ut og fiske makrell til agn på linene sine. I dag blei Hassan med. Av og til synest eg han overdriv litt det fiskeriet. Men han lyt no berre få styre på.
No er det DDE på statskanalen, i går kveld var det Vassendgutane. Ja, ja, ikkje akkurat mine favorittar. Det har forresten ikkje vore noko særleg anna enn reprisar i heile sommar. Eg gløymde å ønske alle god helg i går, så då får eg gjere det i dag. For mange er ferien slutt. Vår har ikkje begynt enno.
Siste bildet Rasmus sende indikerer at dei er komne heim til Kongsberg.
Ingeborg er på Utøya. På bildet er ho i lag med ei god veninne som heiter Emma. Ingeborg har besøkt henne heime i Monte Negro. Emma var på Utøya for fire år sidan, og så vidt eg veit har ho skrive bok om det som hende.Emma er ho med lyst hår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 7.mars
Klokka er 22.38, temperaturen ute er + 6 graderC, og det er litt vind. Det er mørkt ute no, men naboar og gatelys lyser opp. I dag har eg...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar