Først på dagen var det eit voldsomt regnvêr, og skodde heilt ned på jorda, men det varde ikkje lenge før det klårna opp og sola kom fram.
Rasmus med fam. reiste til Hareid i 12- tida og er enno ikkje komne att. Men det er lyse, fine kveldar og ingen av oss går tidleg til ro.
Planen er visst å reise i morgon, om dei ikkje har ombestemt seg.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag, berre rydda litt og vaska eit par maskiner med klede. Sidan Nils tok ein fisketur, vart eg liggande på solsenga med lydbok.
Var ut i hagen og tok nokre bilde, endeleg blomstrar rosene. Det vart ein sein sommar.
Gutane på besøk på Hareid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar