Klokka er no 21.00, temperaturen ute er + 12 grader C og det regnar.
I dag var det meldt opplett og vi planla ein tur som vi har snakka om. Vi har vore innover langs Storfjorden fleire gonger, og tatt ferja Liabygda-Stranda og Linge-Eidsdal, men vi har aldri vore inn til jordbærbygda Valldal. Dit skulle vi i dag, og dit kom vi.
Vêret var brukbart, overskya og opplett, men det er greitt turvêr. Vi køyrde i eitt, med unntak av ferjeturen, til vi kom til Stordalen. Der stoppa vi. Sist vi var der hadde vi tenkt oss inn i Rosekyrkja, men då var den stengt, det var den ikkje i dag. Denne kyrkja vart bygd sist på 1700-talet, delvis av materiale frå den gamle stavkyrkja frå 1300-talet. Derfor ser den eldre ut enn den er, særleg innvendig. Den er den første rosemåla kyrkja i Norge. Ja, roser og roser, fru Blom. Det ser meir ut som om malarane har gått berserk med maling og penslar. Her er Jesus, læresveinane, englar, David og Goliat og alt ein kan tenke seg. Alt nokså naivistisk i uttrykksmåten. Eg fekk tatt to bilde før eg vart stoppa, det var ikkje lov å fotografere med blitz. Resten av bilda måtte eg ta utan, inne i ei relativt mørk kyrkje. Eg har prøvd å behandle dei i Picasa, men bra blir det ikkje.
David og Goliat.
Alle læresveinane
Vi var også inn i eit gammalt hus, der dei budde, dei som hadde oppsyn med kyrkja. Der var så lågt under taket at Nils nesten stanga opp i bjelkane.
Då vi kom fram til Valldalen, som viste seg å ligge berre eit lite stykke innafor Linge, gjekk vi inn på kafeen "Lupinen" ved Muritunet og åt middag. Der var det middagsbufe med mange rettar som vi kunne forsyne oss av, noko som passar for slike matglade folk som oss.
For dei som ikkje er kjende, kan eg opplyse om at Muritunet er eit stort Rehab-senter. Der er fleire store hus, og eit fint uteområde. Langs sjøen er ein asfaltert turstig der vi gjekk, heilt inn til elva. Det viste seg at denne elva er ei populær rafte-elv. I dag såg den fristande ut, sjølv for meg; mykje vatn, lite steinar.
Peace-rose.
Vi køyrde innover dalen, hadde vi køyrt eit par mil til, hadde vi kunna ta Trollstigen ned til Åndalsnes. Dei turistane som kjem denne vegen, kan lett reise vidare til Geiranger om dei tek ferja Linge-Eidsdal. Men eg trur ikkje Trollstigen er noko for meg.Der var mange store jordbæråker innover dalen, og akkurat då var sola framme så der var veldig fint, potetåkrar, kornåkrar og frukthagar var der også. Vi fekk eit lite håp då vi såg folk i ein jordbæråker, men dessverre var det berre ugras dei plukka. Jammen er det seint i år!
Eg stoppa på brua og tok bilde av elva på heimvegen, raftinga starta nedanfor brua.
Heimvegen gjekk greitt vi stppa på Digerneskrysset og fylte bensin, og på Moa, der vi gjekk gjennom heile "gamle-Moa" utan å kjøpe den ting.
3 kommentarer:
Artig å sjå! Vi skal snart i same retning, og den rosekyrkja ser interessant ut.
Ja, men ho som skulle vere gaid var heilt hjelpelaus, men så var det hennar første dag på jobben. Ho kunne for lite, og formidla lite og ingen ting.
Eg har snakka om at eg vil inn i Rosekyrkja, men det har berre vorte med praten ...
Elles seier det no sitt om klimaet der at Peacerosa er så stor og fin!
Legg inn en kommentar