tirsdag, juli 07, 2015

Dagbok 2015: 7.juli

Fleire av barnebarna er på konsert i kveld.

Klokka er 23.00, temperaturen ute er 11,5 grader C. Det har vore skodde, regn og grått i heile dag, og vi har gått her berre og sosa og ikkje kome oss til med noko. I morgon har vi tenkt oss på biltur om ikkje noko anna dukkar opp.
Før middag laga eg rabarbradessert og tømde oppvaskmaskina, og så fann vi ut at vi skulle sjå på DVD-ane som vi fekk av Margrete. Ingen ting virka, verken på TV eller datamaskiner. Det kan vere vi som ikkje "virkar" også då. Men alle veit at slikt tek tid, så føremiddagen forsvann i dimman.
Til middag i dag hadde vi salta lange, og det smakte godt, som vanleg.Og rabarbra/sviskedessert etterpå.
Eg har lese ut "Drep ikke en sangfugl" i dag, ei nydelig bok som eg las for første gong i 1961. Eg har papirutgåva enno. Då eg hadde høyrt ferdig lydboka, hadde eg lyst å begynne på begynnelsen igjen. Anbefaler boka til alle som ikkje har lese den før, t.d. barnebarna, og til dei som har lese den for lenge sidan vil eg anbefale å lese den om att.
Elles har eg sett litt TV, strikka litt etc. Skulle ønske eg hadde tatt til med eit arbeid frå morgonen av, men som sagt før blir det lite gjort om eg ikkje har planlagt det på førehand. I dag var det litt uvisst om Nils skulle på sjøen eller ikkje. Men det vart ikkje vêr.
Elles har eg følgt med på FB og blogg på baking av kake og feiring av Charlie, men eg får ikkje kommentert på Margrete sin blogg.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsar boka frå bokhylla, men veit ikkje om eg har lese henne. Vil helst ha lydbokutgåva.

Besta sa...

Har den på data, trur eg har lagt den over på ein minnepinne også, viss ikkje, skal eg gjere det.

Besta sa...

Har den på data, trur eg har lagt den over på ein minnepinne også, viss ikkje, skal eg gjere det.

solveig sa...

Flott!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...