fredag, juli 31, 2015

Dagbok 2015: 31.juli.




Klokka er 19.30, temperaturen er + 14 grader. Eg har nettopp vore ut på altanen og tatt ildet av "vêret"- frå vest mot aust. Eg gjer merksam på at dette er mellom bygene. For det har vore ei og anna kraftig regnbyge i løpet av dagen, såpass at det ikkje tørkar opp innimellom.Men i Nice ligg Solveig og Øystein og kosar seg på stranda i +32 grader C. I morgon er det første august og sommaren er enno ikkje komen hit. Ikkje verst for oss som har heilårsferie, verre for dei som snart skal starte på jobb og skule. Men mange har heldigvis vore til varmare strøk.
No håper vi og trur på betre temperatur til Rasmus kjem på besøk, slik at det kan bli høve til litt uteliv. Nils har kjøpt ein ekstra redningsvest i dag 70-90 kilo. Han vil sikkert ha med seg fleire ut og fiske. Trur ikkje han bryr seg om vêret, berre det ikkje er vind.
I dag tok eg fredagsvasken. Ikkje mykje å snakke om, eigentleg.
Så var Nils og eg nedover og handla inn diverse matvarer, først på Coop, så på Rema 1000. Det blir vel litt finpuss i morgon. Då er det forresten avslutning for 2-vekers naturfestival. Då skal det etter planen vere Saudehornet rett opp. Om dei kjem til å fullføre det står att å sjå. Det er mykje snø i fjellet enno. Kan aldri hugse at der har vore snø i Saudehornet 1.august før,
Nils har funne seg ein fotballkamp, så eg trur eg finn meg eit anna rom, såpass eg får lese i boka mi(lydbok). Ønsker alle ei god helg same kvar dei er.

Ingar er ute og syklar på Kongsberg. Ser ut til at der er betre temperatur enn her.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...