mandag, juli 27, 2015

Dagbok 2015: 27.juli

Klokka  har no passert 22.00, men kvelden er enno ung. Vi kom heim frå Hareid for vel ein halv time sidan. Temperaturen ute er +12 grader C, det er lettskya og fint. Sola har vore framme i dag, men det har ikkje vore spesielt varmt. 
Eg rydda opp inne, men var også ute i hagen ei lita stund før vi gjorde oss klar til å fare til Hareid. I dag baud Solveig på rømmegraut og spekemat, blant anna. Etter klokka 12 i går kveld, gratulerte Nils meg med dagen. Eg forstod først ingen ting, men så kom eg på at vi hadde bryllaupsdag. Ikkje rundt tal, rett nok, men i vår alder kan vi feire kvart år. I dag er det altså 53 år sidan vi gifta oss, og sidan Olaug jr. vart døypt på bryllausdagen vår for 18 år sidan, kunne vi feire det også. Margrete hadde enda ein god grunn til å stille opp, for ho treng staudar og andre plantar til ei skråning ho held på å beplante. Og Solveig trong å tynne ut litt i sin hage. Alle "barna"var heime på Hareid, det skjer ikkje så ofte, så det var enda ein grunn til å møtast. Margrete hadde med dei to eldste barna, og no er det Ingeborg som lærekøyrer. Som vanleg gjekk praten livleg når vi samlast.
Ei lita stund etter at vi kom heim ringde Rasmus, dei tenkjer seg oppover i løpet av helga, så det gler vi oss til.




Håkon, Eirik og Ingeborg. Eirik kom att med nattbussen sist natt, etter ei     veke på Mallorca i lag med kameratar.

I dag fekk eg endeleg bilde av "tvillingane" i lag. Dette året er begge blitt myndige og har tatt "lappen". Dei ser ut som dei godt kunne ha vore ekte tvillingar, men er søskenbarn, fødde med sju vekers mellomrom.
Denne "brudebuketten" fekk eg av Solveig. Det er bleikrosa peonar frå eigen hage.
Vi takkar alle for ein fin dag.

3 kommentarer:

solveig sa...

Og vi takkar for besøket!

arieldog sa...

Takk for laget!

Hildegard sa...

Gratulerer med overstått. Koselege bilder.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...