Klokka er18.45, temperaturen ute er + 8 grader C, og det har vore enda ein dag med regn og skodde. Dette er faktisk ikkje morsomt lenger.
Men det positive i dag, var at eg vakna frisk og rask - til ei forandring.
Dermed kunne eg halde fram med maleprosjektet mitt. Eg kan ikkje ta så mykje om gongen, så i dag vart det to vinduskarmar på stova+ eit par dørkarmar. Det kan vere litt vanskelig å forstå at dette røyner på ryggen, men eg toler ikkje å bøye meg-og det MÅ eg berre.
Eg hadde tenkt å halde fram i morgon, men så toler ikkje Nils malingslukta ! Eg kjenner den nesten ikkje, og eg hadde både vindu og dører på vid vegg mens eg malte. Nils meiner at eg må vente med å male til det blir betre vêr ute, slik at alt kan stå ope heile tida. Men då kan det hende at eg vil vere ute.......Enkelt skal det ikkje vere.
Feiaren Ole kom på besøk klokka 10.30. Han fer rundt og sjekkar omnar, røykvarslarar etc. Vi visste at han kom, og her er alt i orden.
Til middag i dag hadde vi fiskepudding i kvit saus, og det gjekk ned på høgkant.
Eg måtte høyre eit par av platene til lydboka mi, på datamaskina, eg høyrde ei i går, og ei i dag. Sat og strikka mens eg lytta. Det er heller ikkje bra for ryggen, så no må eg legge meg rett ut, og prøve å få ryggen i gir igjen. det hadde hjelpt med litt betre vêr også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2016: 21.september
Viss ein går ut i enden av altanen og ser langt bortover, kan ein få sjå litt av Ørstafjorden Klokka er no17.50 , temperaturen ute er +10 gr...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar