tirsdag, mai 12, 2015

Bok nr. 38 - 2015: Segelfoss by.



Segelfoss by av Knut Hamsun (Lydbok-CD)
Boka er en fortsettelse av Børn av tiden og ble første gang utgitt i 1915. Med humor og ironi skildrer Hamsun et lite samfunn i Nordland på slutten av 1800-tallet. Med samfunnssatiren retter Hamsun kritikk mot det moderne som følger industrialiseringen, og gjennom sin "talsmann", telegrafist Baardsen, får Hamsun fram de positive sidene ved det gamle bondesamfunnet. I "Segelfoss by" fortsetter Hamsun skildringen av den økonomiske og sosiale utvikling rundt det gamle Segelfoss gods som han hadde begynt på i "Børn av tiden" (1913). Segelfoss utvikler seg til en småby med hotellvirksomhet og et blomstrende forretningsliv, industri, avis og sakfører. Arbeiderklassen får mer makt, og hr. Holmengraa på Segelfoss gods mister sin autoritet. Mange opplever at både fellesskap og trivsel forsvinner.
................................................................................................................
No har eg lese dei to bøken til Hamsun som eg lånte. Om dei vil eg seie: Dette er litt artige bøker fordi dei ironiserer det som skjedde i det samfunnet gjekk over frå å vere eit "bondesamfunn", til å bli meir urbanisert og pengestyrt. Som kjent var Hamsun litt av ein bonderomantikar som ikkje likte alle endringane. Handlinga i bøkene er nokså stilleståande, det er språket som er det mest interessante-i alle fall for meg. Han brukar det blomstrande og mangfoldige nordnorske språket for alt det er verdt. Replikkane er kostelige. Bøkene minner mykje om "Rosa og Benoni" som eg rett nok ikkje har lese, berre sett på TV. Opplesaren er berre fabelaktig, utan han hadde eg kanskje ikkje kome til vegs ende. Det har forresten tatt si tid å lese denne boka, men det er fordi eg har hatt mykje anna å styre med.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

No fekk eg lyst å lese fleire "dine" bøker av Hamsun. I 2012-13 las eg fleire av dei gamle klassikerane på lydbok, følte at eg hadde mykje å ta igjen. Av Hamsun las eg triologien: ”Landstrykere”, ”August”, ”Men livet lever” og triologien: ”Under høststjernen”, ”En vandrer spiller med sordin”, ”Den siste glæde”. Til slutt ”Markens Grøde”, som eg måtte få frå Førde Bibl., den var berre fantastisk. Den gjekk som sv/hv stumfilm på nrk for ikkje lenge sidan.

Besta sa...

Desse to som eg har lese no er kjekke å høyre på fordi opplesaren les godt. Når det gjeld innhaldet er dei ikkje det heilt store. Begynte på Landstrykartrilogien, men vart aldri ferdig, for eg likte ikkje opplesaren. Markens grøde har eg lese på papir minst to gonger,den er berre SÅ bra.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...