fredag, mai 01, 2015

Dagbok 2015: 1.mai


Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 6,8 grader . Det har vore lettskya med ein god del sol i dag, men iskald vind.
Sist natt sov eg lite, låg for det meste og verkte - det er giktvêr. Og med ei uinteressant bok på øyret var det ganske kjedelig å ligge sømnlaus. Då eg stod opp i dag, varte det ikkje lenge før eg var i rimeleg god form.
Vi brukar å vere i Volda på 1.mai, og i år var det sjølvsagt å møte fram der, sidan Ingeborg skulle halde appell for AUF. Dei første vi møtte var Harald og Svein, etter kvart kom Margrete og Ingeborg også. Vi fylte eit heilt bord. Ingeborg slapp ikkje til før til slutt, men det var fleire gode talar før den tid.
Fylkesordførar Jon Aasen var hovudtalar, han representerte Ap.Talen hans var god, og han framførte den med stil. Så talte ei ung dame frå Kirkenes for SV,ho var også veldig flink. Ei anna ung dame snakka for Amnesty.
Og så var det Ingeborg sin tur. Ho sette søkelys mot det som skjer i den store verda, så mot vårt eige land og til slutt mot Volda kommune. Ho fekk med seg nokre setningar om Kvivsvegen, og om ferjetilbodet til Folkestad. Litt morsomt ettersom ein av pådrivarane til Kvivsvegen var i salen. Han kom forresten og snakka med henne etterpå, og gav henne rett.
Det er veldig kjekt på desse arrangementa; litt intimt, etter som salen er liten, og mange kjenner kvarandre.
Etter at det var slutt gjekk vi på Kina-restaurant og åt middag, heile gjengen, med unntak av Harald, han fekk vel middag heime.Vi har no hatt ein ganske lang pause og etter som det er fredag, blir det sikkert ein del TV i kveld.
Eg ønsker alle ei god helg. På Eid er det konfirmasjon i morgon, og vi ønsker Kristine og familien lykke til.
PS: Eg hadde ikkje fotoapparat med i dag, men Svein tok ein del bilde med Margrete sitt kamera. Nokre ligg på FB, og så kjem det vel nokre på Margrete sin blogg.

I går sådde Nils sukkererter, og graset veks.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...